Dagboka

Ringerike

  • «Jeg går og rusler på Ringerike, på stille stier jeg sjelden går», skreiv Arne Paasche Aasen. Med musikk av Kurt Foss og Reidar Bøe vart diktet til landeplagen «Blåveispiken», og no er det på tide å hente den fram. For apropos blåveis: Det ser ut til at samferdsleminister Ketil Solvik-Olsens Bane Nor får ein ny smell, knytta til det høgreiste luftslottet som er kalla Ringeriksbanen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Kjensler

I eit fjernsynsintervju som ligg ute på internett, seier ein journalist til Olav H. Hauge at dikta hans ikkje er så sentimentale. Det er meint som eit kompliment, men Hauge vil ikkje ha det. Å vere sentimental tyder å vere kjenslefull, og Hauge svarar at viss vi ikkje er det, så er vi ikkje menneske. Det likar eg, for eg meiner at kjensler er undervurdert. I politikken vert det ofte nytta som eit angrep å seie at folk er påverka av kjensler, men realiteten er at dei beste, mest handlekraftige og klårsynte politikarane alltid er sterkt påverka av kjensler. Kva skulle dei elles vere påverka av? Også veljarane er styrte av kjensler.

Tid

Folk i Noreg brukar ein time mindre på jobb kvar dag samanlikna med i 1970, og også ein time mindre på husarbeid. Teknologiske framsteg og sosial utvikling har gjort at vi til saman har fått fleire veker i løpet av eit år som vi kan bruke på andre ting. Den dårlege nyheita er at vi har valt å bruke tida på å sjå meir på TV. Faktisk har også tida vi brukar på å vere sosiale saman med andre gått ned, sjølv om vi har meir tid tilgjengeleg til å gjere det enn før. Filosofen Bertrand Russell skriv i essayet «In Praise of Idleness» frå 1932 at det å ha god tid er noko vi menneske må lære oss. Russel såg føre seg at økonomisk vekst ville gjere at vi kom til å jobbe mykje mindre, men han åtvarar om at det ikkje er sikkert at vi kjem til å vere så flinke til å utnytte all tida vi etter kvart har fått i gåve. Det å klare å bruke tida vår på jorda på ein god måte er nemleg ein kunst, og Russell meinte at mange generasjonar med arbeid har frårøva oss evna til å meistre denne kunsten. Det er ikkje gale å gjere lite, og faktisk har mange av dei store ideane og oppfinningane oppstått i liva til folk med lite å gjere.

På post

Elektronisk mail har for lenge siden overtatt kommunikasjon, og vanlige brev og postkort er blitt en sjeldenhet. Men Posten gir seg ikke. I går kom det ut en ny serie på fire vakre frimerker. I anledning Friluftslivets år 2025 har Posten Norge bedt folk sende inn turbilder. Fire motiv, alle tatt av kvinnelige fotografer, er plukket ut til å pryde de nyeste frimerkene. Her er blomster i Aure, kajakktur i Årdal, bålkos ved Randsfjorden og fjell i vinterdrakt i Stryn. Det siste frimerket er nummer 2146 siden det første norske frimerket kom ut i 1855. Mens de gamle norske frimerkene er enkle å skaffe for samlere, siden opplaget var høyt og bruken stor, er det å skaffe et moderne nytt frimerke til sin samling nærmest umulig. Det samlere da gjør, er å dra på postkontoret, der de finnes, og kjøpe nye merker. Noen vil ha dem stemplet, andre ustemplet, og så puttes de inn i samlingen. Dyrt, men snart eneste mulighet. Og hvem tjener på samlerne? Jo, Posten. Men det skal Posten Norge ha.