Anmeldelse

Svarte hol i samtida

Svartsyn: Birgit Alm skriv om fattigdom og einsemd med svart humor som får Nina Lykkes romanar til å verke som småborgarleg koseprat.

MØRKE: Alm skildrar røynda slik vi sjeldan opplever ho i skjønnlitteraturen. FOTO: PAAL AUDESTAD MØRKE: Alm skildrar røynda slik vi sjeldan opplever ho i skjønnlitteraturen. FOTO: PAAL AUDESTAD

Birgit Alm

Ensom planet

Litteratur

Tiden 2018, 108 sider

Ein god romantittel både oppsummerer og legg dimensjonar til ei forteljing. Birgit Alms siste roman, «Ensom planet», slo meg først som eindimensjonal. Ja, forteljaren Karianne er einsam, og uføretrygda Boris som er død, og som ho skal rydde leilegheita etter, var fattig, sjuk, alkoholisert og endå meir einsam. Før han la ut på siste reis – via Kina – studerte han reiseguiden «Lonely Planet China», så der kjem altså planeten inn i biletet. Boris oppdaga nok at ein ikkje så lett reiser frå einsemd. Så fann eg ein artikkel på forsking.no om at astronomar har oppdaga ein ung planet som driv fritt rundt i verdsrommet, utan bane, solsystem og sol. Dermed vart tittelen ein romodyssé av eit poetisk bilete som rommar mykje av vår framandgjorde samtid.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Kommentar

Om da Mummi­trollet finner et pent sted i skogen – men dessverre oppdager at det bor noen der fra før.

Intervju

Jan Erik Vold er både journalist og dikter, sier han. Nå, etter 20 år, legger han ned Voldposten – kanskje.

Kommentar

«Alle» skal gi ut bok. Men noen må faktisk skrive dem.