Reelt overbeite

I Klassekampen 16. januar kjem professor i kulturvitskap Ivar Bjørklund med knallhard kritikk av høgsterettsdomen mot reindriftsamen Jovsset Ánte Sara, som blei dømt til å slakta ned reinflokken sin frå 116 til 75 dyr på grunn av overbeiting. Saka er prinsipielt viktig fordi den vil danna presedens for andre reineigarar i Finnmark. Både ting- og lagmannsretten gav Sara medhald, men Høgsterett overprøvde domen, som mest truleg blir anka til menneskerettsdomstolen i Strasburg, fordi det etter reineigarane og Bjørklund si oppfatning er eit overgrep frå den norske stat mot den samiske nasjonen.

Debatt