Det er vanskeleg å vere usamd med Ika Kaminka, leiar i Norsk omsetjarforeining, som i Klassekampen 31. juli etterlyser fleire omsette bøker frå andre språkområde enn det angloamerikanske. Når fleire språkstudium ved universiteta vert bygde ned, som til dømes portugisisk ved UiO, vert det endå vanskelegare å utdanne dyktige omsetjarar.