Ruspolitikk 14. juni
Den ulogiske liberaliteten Etter 13 år i arbeid i psykiatrien, der mykje kom til å handla om rus og psykiatri, er det med undring eg ser all naiviteten som blir lasta inn i ei ny liberaliserande rusreform, for å omdanna rusproblema til behov for helsehjelp.
Dette «rusfenomenet» i rikdomssamfunn, som sporar av tallause unge frå sjølvhjelpne liv, og tar frå dei næraste omgjevnadene deira forventa liv. Som no skal tilførast slik liberal forståing, at mogeleg hjelp blir endå lengre unna det mogelege. Medan nye generasjonar får rusa seg bort med rett til rusmiddel til eige bruk!
Veit dei ingenting om narkotikaen si makt desse rusnaivistane, så burde dei få seg eit vikariat i dagens hjelpande system for å realitetsorienterast om kor vanskeleg og totalkrevjande hjelp kan vera. Og kor sjeldan hjelp lukkast mot narkotikaen si makt over unge liv.
Sjølv gjekk eg til dette arbeidet med mange spørsmål om det som blei gjort og kunne gjerast. Etter 14 dagar i dette alvoret var liberaliteten dunsta bort. I åra eg jobba med dette måtte eg òg erkjenna kor ofte det fåfengde vart resultat, same kva hjelp ein prøvde.
Jarle Tufta