La Victoria

Ein gong reiste eg på brigade til Cuba. På folkemunne heitte det at brigadane skar sukkerrøyr, men slik var det ikkje. Vi reinska i appelsinlundar og slemma sement på nye bustadblokker under bygging. Vi kom frå alle dei fem nordiske landa, og ein del av det eksotiske ved opphaldet var nettopp å smugobservera skilnadene og likskapen mellom nordisk ungdom. Tilhøvet til rus var ein del av dette. Grovt og unyansert kan dette seiast: danskane var fulle alt då dei kom på i København, og leiaren deira vart seks veker seinare boren om bord på flyet. Han hadde elles ein frapperande likskap med Lenin, men greidde likevel ikkje å gå. Svenskane og nordmennene var likast, kontrollerte, litt gjerrige, konfliktunnvikande, pliktoppfyllande, moderat rusa. Nordmennene litt meir anarkistiske og uregjerlege enn svenskane. Islendingane var manisk opptekne av sola og av å få Island or Nato. Merkeleg nok stod dei fram som litt sydlandske, trass i soltørsten. Finnane var stort sett like tagale som fordommane sa. Dei brukte dei to første vekene på å drikka seg til å verta snakkesalige, og når dei så hadde finske festar, dundra grunnen under føtene deira. Dei lèt etter eit inntrykk av å vera djupare og meir interessante enn oss andre velstandssurfarar.

Meninger