Noko av det første Høgre lova då dei tok over Forsvarsdepartementet, var å syte for ein meir open forsvarsdebatt. Til dømes vart Forsvarsministeren sitert i Aftenposten 7. januar 2014 på at «åpenhet er viktig for meg. Og da mener jeg ikke åpenhet som et honnørord, men reell åpenhet. Åpenhet betyr særlig å bidra til et korrekt bilde av virkeligheten». Regjeringa sitt arbeid med Langtidsplanen for Forsvaret (LTP) har diverre vore prega av alt anna enn openheit.
Regjeringa seier dei vil ha open debatt. Likevel er langtidsplanen bygd på teoriar som ikkje er framlagt.