Avkristning: Bjørn Stærks ateistiske bok om Jesus kjem på eit interessant tidspunkt for religionsdebatt i Noreg.

Audmjuk respekt

Radikal: Jesus Kristus, måla av Ary Scheffer i 1851. Illustrasjon: Wikicommons

Kva kan me som sekulært samfunn læra av kristendommen? Om «hovmod og lidelse, og til og med om synd»? Debattant og tidlegare bloggar Bjørn Stærk har skrive «en slags andakts-bok for ikke-troende», der han forsøker å koma til botns i desse spørsmåla. Audmjuk respekt, heller enn sjølvgod forakt, pregar tilnærminga til forfattaren, som sjølv vaks opp som truande. «Å sette verden i brann» stiller seg langt ifrå nyateismens vitskapleg funderte forsøk på brannsløkking – i staden har Stærk ikkje så reint lite ærefrykt for bålet. «Når jeg møter den levende myten Jesus, grøsser jeg. … Jeg kan beundre den eller forakte den, det har ingenting å si.»

Bokmagasinet