Solveigs salt

Kvali­fi­ka­sjonar

Barn av blandingsekteskap blir både sunnare og gløggare enn foreldra.

REISE: Arv og miljø følgjer med. REISE: Arv og miljø følgjer med.

Det hender at fotballkampar endar uavgjort, og at det må avgjerast med målfoto kven som tok gull på femtusenmeteren. Vanlegvis er det likevel lett å plukka ut vinnaren i ein idrettskonkurranse. Elles i livet er det meir innfløkt, for det som gjev vind i segla den eine staden, kan vera ein klamp om foten ein annan stad. Då urforeldra våre vandra ut frå Afrika og nordover Europa, tilpassa dei seg til mangelen på sol ved å bleikna i skinnet. I dei siste hundreåra har lys hud vore eit teikn på makt, sjølv om dei helsemessige fordelane ved å mangla hudpigment for lengst har kome i skuggen av alle ulempene, og barn av blandingsekteskap blir både sunnare, gløggare og penare enn foreldra.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Lystne gudinner

Opp gjennom åra har eg sett fleire oppsettingar av Peer Gynt enn eg har tal på. Alle har prøvd å tolka denne Ibsen-klassikaren på sitt eige vis, som den ikkje særleg originale vrien med å gjera den grønkledde dotter til dovregubben, den rike Ingrid og den arabiske Anitra til ei einaste vulgær freistarinne. Langt meir treffsikker var ei førestilling på Torshovteatret som slo saman den skitne grønkledde med den reine Solveig. Enten Ibsen hadde tenkt det sjølv eller ikkje, med eitt var det ikkje lenger noko mysterium kvifor Peer stikk av nett i det ho vil inn i hytta og elska med han. Feilen med Odyssevs-filmen til Christopher Nolan er at han snur opp ned på personane i den homeriske forteljinga på ein måte som rotar til samanheng og framdrift. Han gjer den sjølvsentrerte Penelope til eit ansvarleg samfunnsmenneske og den griske ektemannen hennar til ein molefonken actionhelt, og i staden for dei musikalske og sensuelle og gudinnene som dominerer over Odysses i åtte av dei ti åra mellom krigen om Troja og heimkomsten til Itaka, kjem han dragande med ein snill terapeut og ein frustrert feminist. Kirke, som i filmen jamrar seg over mannlege overgrep mot kvinner, har bukta og begge endane hos Homer. Ho bur i eit flott steinhus på ei skogkledd øy, og syng så det ljomar mens ho står ved veven og skaper fin tekstilkunst.

Flittige hender

I Christopher Nolans film «The Odyssey» blir den skjønne Helena behandla bryskt og brutalt av ektemannen sin, kong Menelaos, som ho er tilbake hos etter sidespranget med prins Paris i Troja. Hos Homer held ho hoff heime i Sparta, og når ho klandrar seg sjølv for å ha sett i gang Trojakrigen, seier Menelaos at det skal ho ikkje bry seg om, for alt saman var gudane si skuld. Han har elles all grunn til å halda seg inne med dronninga si, for ho er dotter til Zevs, og som svigerson vil Menelaos sleppa å fara til Hades når han døyr, slik alle andre menneske må. I staden skal han få følgja med Helena til Elysion. Alle rike kvinner har eit lagerrom med reine klede til bruk både av husets folk og til gjester. Når Telemakos, son til Odyssevs, kjem til Sparta på leit etter far sin, blir han straks sett i badebalja og tildelt ein ny habitt. Det inneber omfattande produksjon og vedlikehald av tekstil, og det finst knapt noko verk i verdslitteraturen som held klesvasken så høgt i ære som Homer.

Alltid like dum

Omslaget på «Trump og filosofene» er ei satirisk teikning av Marvin Halleraker på grunnlag av «Tenkeren» av den kjende bilethoggaren Auguste Rodin. I staden for ein traust arbeidsmann som sit og funderer på ein stein, sit der ein vrang og gretten Donald Trump på klosettet, ute av stand til å skilja mellom privat og offentleg og full av skit som han er. Boka er skriven av Lars Fr. H. Svendsen og har undertittelen «Hvordan et studium av historiens minst filosofiske mann kan lære deg forbløffende mye om filosofi». Heile førti meir og mindre kjende tenkjarar frå Platon til Richard Rorty er blitt vekte til live for å vurdera prestasjonane til presidenten i USA som statsmannskunst. Som ventande er, dumpar Trump same kva karakterskala han blir mælt mot.