26. sep.
Klassisk danning Gamle bøker kan gje kraft og kveik sjølv om dei står på pensum i ein skule som ein er nøydd til å tvinga seg gjennom. Den antikke litteraturen som latinskuleelevane må lesa i romanen «Gift» av Alexander Kielland, er ille medfaren av dårlege lærarar, og kan endå brukast til fri improvisasjon i friminuttet, der gutane frå dei lågaste klassane, «stinkdyrene», skal ha tyn for at dei har mobba lille Marius. No sit han og kneisar på akslene til store sterke Abraham i spissen for ein hær som skal hemna seg på fienden med knallharde slyngekast med krittbitar frå tavla.
Uheldigvis hamnar rektor i skotlinja og blir råka midt i magen. Sidan dette er noko som skjer i den verkeleg strenge gamle skulen, kunne det sett stygt ut om ikkje Marius på sitt rørande og hjartevinnande vis hadde tilstått at han leika at han var «den vrede Achilles». Rektor svarer at «ja du ser meg ut til det; det er just således jeg bestandig har forestilt meg ham», og må gå bort til vindauget for at dei ikkje skal sjå at han ler.
Likevel ser han ikkje kor fint det viltre rollespelet kunne vore integrert i undervisinga, og oppfattar det berre som eit brot på disiplinen, sjølv om han med si klassiske utdanning burde ha kjent att heltane frå Iliaden i dei krigerske elevane sine, berre at det er Abraham som er Akilles, mens Marius er bestevenen Patroklos.
Den skulen som rektor herskar over, er basert på blind lydnad og pugging av grammatiske ramser, som Marius meistrar svært godt når han kjenner seg trygg, men går seg vonlaust vill i når han er usikker. Så får han adjunkt Aalbom til latinlærar, og Aalbom kjeftar og rettar på han til han fell i uvit mellom pultane.
Solveig Aareskjold