Hellas kan vrenge av seg eurosystemet si tvangstrøye og røyste nei.

Troikaens kvelartak

Illustrasjon: Knut løvås, knutlvas@gmail.com

Troikaen har sett 30. juni som «siste frist» for den greske regjeringa til å betale forfallen gjeld på 1,6 milliardar euro til IMF. Det er dessutan forfall på 5,2 milliardar til den europeiske sentralbanken, altså totalt 6,8 milliardar euro. Dersom Hellas får utbetalt restbeløpet på 7,2 milliardar euro i den andre «redningspakken», greier dei så vidt desse gjeldsavdraga. Altså Ponzi-finansiering: Nytt lån for å betale ned gamle lån.

Kron og mynt