Ottar Brox meiner import av billeg arbeidskraft er ei dårleg erstatning for effektiv hjelp til den fattige verda. Der er me einige. Men 5. mai skreiv Brox om noko anna: flyktningar som druknar i Middelhavet. Dei som vil importera arbeidskraft frå fattige land, sender dei ikkje ut på havet i synkeferdige båtar. Reiser dei på den måten, er det fordi forholda i heimlandet er ulevelege. Det er EU (og Norge) som tvinger dei til å våga livet på den måten. Når flyktningane likevel vågar seg over havet, er det fordi dei ikkje held ut tilstanden heime – og då vil dei halda fram å komma, same kor mykje me prøver å hindra dei (viss dei ikkje blir sperra inne).
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn