Storm i emning: Unge frå Sogn og Fjordane står sterkt og samla mot regjeringas ja til fjorddeponi i Førdefjorden, skriv innsendarane. Foto: Mina Røed/Natur og Ungdom Storm i emning: Unge frå Sogn og Fjordane står sterkt og samla mot regjeringas ja til fjorddeponi i Førdefjorden, skriv innsendarane. Foto: Mina Røed/Natur og Ungdom
Regjeringa sitt ja til fjorddeponi i Førdefjorden kom som eit sjokk. I fleire år har vi sett på politikarane sitt ynskje om sjødeponi som bakvendtpolitikk. Vi har vore uroa, men innerst inne har vi tenkt at det jo aldri kjem til å bli realisert.