Frå heile landet strøymer det no inn krav om ein meir liberal asylpolitikk på Ap-landsmøtet. Fleire kjelder stadfestar overfor Klassekampen at opprøret er i ferd med å få ei meir organisert form etter at fylkesordførar Tore O. Sandvik i Sør-Trøndelag før helga gjekk ut og bad landsmøtet revidere partiets politikk på feltet.
Fleire kvoteflyktningar og rausare asylbarnpolitikk kan vinne på Ap-landsmøtet: