Folk i arbeid?

Nestleiar i Raudt Marielle Leraand (8. april) og Raudt-medlem Magnhild Folkvord (9. april) tenkjer ulikt meg om sekstimarsdagen. For dei er seks timars normalarbeidsdag samfunnets universalklister. Den vil, skriv Leraand, tvinge samfunnet inn på eit anna spor. Den vil føre til ei omfordeling av verdiane i favør av småkårsfolk. Den vil gi «redusert produksjonsvekst, noen nedlegginger, kraftig forbruksreduksjon for overklassen og redusert framtidig forbruksvekst for arbeiderklassen». Den vil jamvel «berge klimaet for framtidige generasjoner».

Debatt