Den motvil­lige helt­in­na

MØTTE MOTSTAND: Aasa Helgesen vart Nordens fyrste kvinnelege ordførar. Slik svarte ho ein kritisk mann i lokalavisa: «Er vi satt inn i styre skal vi også styre. Vi vil ikke være nogen kastekjepper.» Foto: Privat MØTTE MOTSTAND: Aasa Helgesen vart Nordens fyrste kvinnelege ordførar. Slik svarte ho ein kritisk mann i lokalavisa: «Er vi satt inn i styre skal vi også styre. Vi vil ikke være nogen kastekjepper.» Foto: Privat

Den 29. oktober 1925 stod lensmann Lunde saman med fleire andre av Utsiras mest sentrale menn framfor stemmeurna i bedehuset. Det fyrste heradsstyrevalet i den splitter nye kommunen var gjennomført, og no skulle røystene teljast. Året før hadde Utsira blitt skilt ut frå Torvastad kommune, og dei tolv mennene i interimsstyret hadde så god von om fornya tillit at dei ikkje ein gong stilte liste.

Dokument