Du kan bla til neste sideBla med piltastene

1925: Var valet av Nordens fyrste kvinnelege ordførar eit feministisk gjennombrot?

Den motvillige heltinna

VAL: I 1925 fekk Utsira landets fyrste kvinnelege ordførar. 90 år seinare kastar den historiske sigeren framleis skam over den vesle øya.

Den 29. oktober 1925 stod lensmann Lunde saman med fleire andre av Utsiras mest sentrale menn framfor stemmeurna i bedehuset. Det fyrste heradsstyrevalet i den splitter nye kommunen var gjennomført, og no skulle røystene teljast. Året før hadde Utsira blitt skilt ut frå Torvastad kommune, og dei tolv mennene i interimsstyret hadde så god von om fornya tillit at dei ikkje ein gong stilte liste.