Merkedag

* Årsdagen for 22. juli vart prega av verdige minnemarkeringar, blant anna i regjeringskvartalet, i Oslo domkyrkje og dessutan ved og på Utøya. Markeringane var mindre omfattande og meir nedtona enn på eittårsdagen, noko som nok er både naturleg og riktig. Men 22. juli kjem til å vera ein viktig merkedag for nordmenn i generasjonar framover. Derfor er det også riktig at vi har ein offentleg debatt om korleis vi skal nytte dagen i framtida.

Meninger