PROTEST: Fleire hundre personar har demonstrert mot politiet, etter at ei muslimsk kvinne vart stoppa og bøtelagt for bruk av niqab i forstadsbyen Trappes på torsdag.
Fredag angreip minst 250 demonstrantar politistasjonen i forstaden Trappes, vest for Paris. Dei kasta blant anna fyrverkeri, og sette fyr på bossdunkar og busskur. Fire politibetjentar vart skadde, og seks personar arresterte. Ein 14 år gamal gut fekk alvorlege augeskadar etter å ha blitt treft av ein prosjektil.