*2013 er stemmerettsåret. Den som vil, kan velja å sjå jubileumsåret 2013 i samanheng med jubileumsåret 2014. Neste år skal vi nemleg - om det skulle ha gått nokon forbi - feira grunnlova som Noregs viktigaste politiske dokument: frigjerande, samlande og retningsgivande for Noreg som nasjon og folkestyre, les vi på 2014-heimesida. Grunnlova sa i 1814 noko om borgarane sin stemmerett. Det var ikkje berre i Noreg at borgarane berre hadde eitt kjønn på den tida. Det vart dei minte om, dei framstegsmennene som vel 70 år seinare prøvde å ta ein snarveg i stemmerettskampen ved å definera borgarar som menn og kvinner. Det gjekk nemleg fram av dei gamle lovarbeida at ein borgar i 1814 var ein mann. Kampen for kvinnestemmeretten kunne ikkje løysast ved filologiske grep. Det måtte langvarig kamp til, ein kamp som kravde både agitasjon, organisering, agitasjon, organisering og organisering. Endringane kom. I 1890 åtvara kyrkja sine mørkemenn mot eit samfunnsmessig samanbrot dersom kvinnene skulle bruka krefter på politikk i staden for å ta hand om hus og heim og mann og barn. I 1913 sa Stortinget samrøystes ja til allmenn stemmerett for kvinner.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn