«Falskmyntnerne fra Sachsenhausen» heiter den nye tyske filmen, som no blir vist under Den norske filmfestivalen i Haugesund. Den handlar om «Operasjon Berhard» – den største falskmyntnarsaka i historia. SS-sjefen Heinrich Himmler var sjølv ansvarleg for planen om å knekka dei allierte sin økonomi ved å trykka hundretals millionar falske pundsetlar, og etter planen også dollar.Planen måtte gjennomførast i løynd, og løysinga for nazistane vart ein isolert spesialkommando av jødar i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Her samla dei kunstnarar, grafikarar, trykkarar og bankfolk. Omlag 150 menneske i alt. Når oppdraget var utført, skulle dei drepast. Men for å koma i mål, trong dei ein yrkeskriminell: Falskmyntnaren, kunstnaren, russaren og jøden «Salomon Sorowitz», som dei kallar han i filmen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent