– Utan klasse­per­spektiv

Marianne Nordli Hansen har forska på korleis klassebakgrunn påverkar rekruttering til utdanning og arbeidsmarknad. Per i dag er studentar frå arbeidarklassa kraftig underrepresenterte ved universiteta, men Nordli Hansen meiner den omstridde kvalitetsreforma for høgare utdanning kan vere eit positivt bidrag til å rette på nettopp det:– Om det er slik at studentane får betre kontakt med lærarane, som reforma legg opp til, kan ein tenkje seg at det vil betre situasjonen spesielt for studentar med låg klassebakgrunn. I det gamle systemet der det tradisjonelt var lite kontakt mellom studentar og lærarar, var det opp til studentane sjølve å presentere seg som interessante studentar. Det er truleg dei med høg klassebakgrunn som har hatt lettast for å presentere seg og som har presentert seg på den beste måten, meiner Nordli Hansen.

Kultur