– Utan klasseperspektiv

Reformkritikarane overser at studentar frå arbeidarklassa har tent på kvalitetsreforma, meiner sosiologiprofessor Marianne Nordli Hansen.

Marianne Nordli Hansen har forska på korleis klassebakgrunn påverkar rekruttering til utdanning og arbeidsmarknad. Per i dag er studentar frå arbeidarklassa kraftig underrepresenterte ved universiteta, men Nordli Hansen meiner den omstridde kvalitetsreforma for høgare utdanning kan vere eit positivt bidrag til å rette på nettopp det:– Om det er slik at studentane får betre kontakt med lærarane, som reforma legg opp til, kan ein tenkje seg at det vil betre situasjonen spesielt for studentar med låg klassebakgrunn. I det gamle systemet der det tradisjonelt var lite kontakt mellom studentar og lærarar, var det opp til studentane sjølve å presentere seg som interessante studentar. Det er truleg dei med høg klassebakgrunn som har hatt lettast for å presentere seg og som har presentert seg på den beste måten, meiner Nordli Hansen.