Elskhugen burde vera det motsette av krig og ufridom, men så enkelt er det som kjent ikkje. Vi gjev ugjerne frå oss kjensler og nærleik utan at vi kan forventa å få det same tilbake. Før vi veit ordet av det, har vi stengd oss inne i ein byttetanke. Låst oss fast til ei utveksling av symbol på kor mykje vi bryr oss om kvarandre. Då er kjærleiken sitt svar på den juridiske provføringa ikkje langt unna: «Om du verkeleg elska meg så ville du ha …». Lik to barn som skal dela ei flaske brus i to glas, sjekkar vi med millimetermål om kjensleytinga er symmetrisk.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn


