To aldeles fortapte menn sit i ein gammal, skiten Skoda på veg mot Ellingsrud. Det er ein dyster, grå, regntung søndag i februar, og vi er på veg til Ellingsruds arbeidskirke for å høyre kanskje Noregs fremste teolog, Per Lønning, preike. Der er vi altså, tause, på veg til eit stemnemøte med den norske statskyrkja på Ellingsrud, denne mørke dagen. For å ta i mot eit tilbod om sjelesorg frå den norske stat, med kanskje den fremste teologen i Noreg, heilt gratis, denne søndagen – på Ellingsrud. Berre det er eit lite under. Vi, gripne av stundas alvor, er nesten nervøse, to aldeles fortapte menn på veg mot Ellingsrud. Hermann har sett etter på det provisoriske kartet i telefonkatalogen for å finne ut kvar dette høgtidssame skal finne stad kl 10.00. Og det ber i veg gjennom golde gater, forbi søppelforbrenningsanlegg og motorvegkryss i betong opp mot åsen, der den norske staten ventar oss med sitt rause tilbod om frelse, sjelesorg og håp i Ellingsrud arbeidskyrkje, murt i teglstein, utsmykka med klokkestreng frå 70-talet knytt av barnehender. Vi stig inn i Guds hus. Benkar oss. Hermann hentar to salmebøker frå eit lite trestativ på veggen. Vi ventar. Rundt oss, spreidd ut, som av livet sjølv, menneske-kar fylte av alder, einsemd og smerte, men verdige, tause, tolmodige, realistiske, kanskje forundra over at dei er her i Ellingsrud kyrkje. Kanskje tenkjer dei: Kva har den norske staten, personifisert gjennom ein av sine åndelege førarar, å meddele oss denne gråtunge dagen i februar? Finst det eit forløysande svar? Finst det liv etter saksbehandlinga ved trygdekontoret? Men heilt framme i benkeradene fortettar det seg eit tyngdepunkt av liv. Vesle Fernando Gonzales Myrvang skal døypast denne dagen, bli eit fullverdig medlem av kyrkja her på Ellingsrud. Rundt han mellom benkeradene sirklar det tallause velfødde, smilande dresskledde chilenske fetrar med avanserte kameramobilar, som eit rubensk kor av kjerubar med glinsande svart hår. Og jomfru Maria er i dag bleik, blond og heimeavla frå dei austlege drabantbyane. Ho er verdig der framme, som berre ei mor kan vere det. Og så er han her – midt i blant oss. Biskop Per Lønning skrid inn i kvit messehagel, velpleidd grått skjegg, ein staseleg mann, slank, eit fyrtårn av sublimert sjølvtukt, eit levande prov på at nordisk lutheranisme ikkje juksar med nådegåvene. Og her i Ellingsrud arbeidskyrkje skal det levande ordet forkynnast. Her av alle stader skal den grenselaust ambisiøse lutherske kristendomen setje seg sjølv i stemne på vegner av den norske staten framfor alle desse lidande, det nyfødde livet og to fortapte, ukjente menn. Kva kan Lønning gjere? Vil sigersordet frå Golgata lyde sterkt og klart denne sundagen? Det er i grunn heilt utruleg. Her har den norske staten gjennom si kyrkje kalla oss inn til ei alvorsstund og eit alvorsord om dei yttarste ting – her, altså, på Ellingsrud! Kvifor er ikkje kyrkja stappande full? Her av alle stader, vil den elles så prosaiske staten gjeve oss ein gløtt inn i det innarste, innarste av statens sjeleliv. Vi kan få ei djupare forståing for statens mangslungne gjerningar, dei siste grunnane bak alt saman. Kvar er NRK, TV2, VG, Dagbladet? Dette er ein sensasjon, fyrstesidestoff i alle aviser. Den norske staten har sendt ut ein av sine aller fremste embetsmenn for å gi det oss, det norske folket, håp om evig liv! Heile liturgien står på dagsordenen denne dagen. Det blir mange salmar og mange vers, og alle er valt ut frå lutheranismens heroiske kamptid 15- og 1600-talet. Lønning tek utgangspunkt i Lukas-evangeliet der Jesus driv ut vonde ånder. Han preiker som forventa godt og intelligent. Langsamt resonnerer han seg fram. Og så kjem det – i eit elegant tigersprang: Kan det tenkjast, ja vi kan vel ikkje heilt utelukke det, at det finst vonde ånder også i dag, som driv si sataniske verksemd midt i blant oss? Eg er som slått til jorda. Dette hadde eg ikkje venta. At den norske staten skulle vere så djerv og beint fram. At han utan å fortelje det til oss, utan å påkalle vår støtte, slåst med sjølve djevelen. Om eg berre hadde visst, eg ville straks meldt meg til teneste i dette krosstoget. Kvifor har ingen byråkratar og samfunnsforskarar fortalt meg dette? Men det kjem meir. Biskop Lønning har eit større bilete for sitt indre auga. Den individuelle sjølvrealiseringa som rir kulturen som ei mare er etter alt å dømme satanisk. Eg kjenner ein indre jubel. Slik taler ein stat som er verdig namnet. Den norske lutherske staten er i kamp på liv og død med sjølve Satan. Her på Ellingsrud, framfor dei lidande og trøytte, framfor vesle Fernando Gonzales, framfor to aldeles fortapte, ukjente menn, får vi vite det. Her gir den norske staten seg til kjenne. Omskakte av desse svimlande perspektiva går eg og Hermann til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Biskop Lønning taler roleg og kvardagsleg no – om soknegrensene før i tida. Han undrar seg nok kven dei to ukjente mennene, tause nedst ved bordet eigentleg er. Kjem dei frå mørkret? Er det kanskje eit homofilt sambuande par? Men han er diskret og spør oss kvar vi er døypte. Storetveit kyrkje i Fana, svare Hermann høfleg. Vi går ut, sit oss i bilen, køyrer tause innover mot den mørke byen. Ellingsrud ligg der bak oss mystisk og opphøgd.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent