«Såg du det? no gjorde han det igjen», sa ho eg åt lunsj med her om dagen. «Kven då?» spurte eg. «Trond Nordby har vore med og kåra årets sakprosabok, med det ser ut som om han trur han dømmer i ein hoppkonkurranse. Er det ikkje nok machotakter i kulturlivet om ikkje skriving skal samanliknast med den mest kjønnsdiskriminerande idretten vi har her til lands?»Kvinnehopp er nærmast aking, det er stunt utan meining, fekk FIS-leiar Thorbjørn Yggeseth seg til å seia då striden sto på som verst kring hopparen Annette Sagen førre sesong. Stunt utan meining er ikkje særs verken i bakken eller i skriverier. Statsvitar Trond Nordby klarla også raskt sin estetikk som jurymedlem i Klassekampens bok-kåring: Han føretrekker nemleg dei fryktlause skihopparane. «Og når du har valet mellom to skihopparar, der den eine hoppar til tjue i stil og landar på kulen og den andre stupar ned heile bakken og kanskje ramlar på sletta, så vel eg den siste», sa han i innleiande rundar i avisa. Seinare i kåringa samanlikna han Jon Hellesnes med Wirkola. Sjølv om Hellesnes kanskje har skrive betre før, minte Nordby om at Wirkola fekk pris kvar gong han vann eit hopprenn, sjølv om det ikkje var hans lengste.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn


