Peers versjon
Ei musikalsk reise inn i Peer Gynts indre – nyskapande og annleis, men likevel tru mot Ibsens tekst.

Peeropolis
Kulturfestivalen Peer Gynt, Gålå
Basert på Henrik Ibsens «Peer Gynt»
Tilarbeidd av Maria Kristine Hildonen og Sjur Miljeteig
Regi: Maria Kristine Hildonen og Erik Ulfsby
Komponist: Sjur Miljeteig
Med: Maria Kristine Hildonen, Sjur Miljeteig og Elisabeth Mørland Nesset
Mang ei oppsetjing av «Peer Gynt» har freista å gjere ei indre reise i tankane og ideane til drøymaren, løgnaren og fantasten Peer. Men alle desse tolkingane let likevel forteljinga om livet hans vere grunnstamma i framsyninga. Slik skil Maria Kristine Hildonens «Peeropolis» seg frå alt eg tidlegare har sett. Saman med Sjur Miljeteigs musikk, utan noko handlingsforløp og strippa for all staffasje, gir ho nytt liv til Henrik Ibsens tekst.
«Peeropolis» blir vist på Nationaltheatret i samband med Ibsenfestivalen i haust, før det blir turné både i Innlandet og Telemark.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

