Konfliktar på mange nivå
«Streik!» er eit underhaldande musikkspel som på velspela vis dokumenterer Folldalsstreiken, ein av landets mest langvarige arbeidskonfliktar.

STREIK!
Spel i Folldal, Plana ved Folldal Gruver Idé, manusutkast og musikk: Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen
Regi og manus: Sandra Bringsjord Pape Scenografi: Siri Lien
Orkester: Erlend Tredal, Ester Thunander, Astrid Garmo og Vegard Staum
Med: Erlend Rødal Vikhagen, Christoffer Masters, Signe Dorthea Krohn Gjessing, Mads Gukild, Håvard Moe og femti lokale statistar
Høgt til fjells, grensande til Rondane og Dovrefjell, ligg den karrige vesle kommunen Folldal. På midten av 1700-talet blei det funne malm, og i 1748 starta det opp med gruvedrift. Etter ein konkurs i 1878 gjekk engelske investorar inn og tok opp att drifta i 1903. Den berre 25 år gamle ingeniøren Worm H. Lund blei tilsett som direktør. Han var ein dugande gründer som fekk eigarane til å investere og bygge ut, nesten over evne. Men Lund hadde inga forståing for fagorganisering, nekta å melde gruva inn i Bergverkernes Landssammenslutning, og difor blei det heller ikkje nokon tariffavtale. Tidleg på 1920-talet gjekk arbeidarane til ein eittårs streik som det kom lite ut av. Men ettersom lønsnivået i Folldal var mykje lægre enn i gruvene elles i landet, låg misnøya latent,
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

