Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Medrivande minnearbeid

Fransk-svenske Angelica Ruffier har laga ein fascinerande formsterk, men òg flanerande dokumentar om sine familie-, kjærleiks- og filmminner.

Mistral: Vinden kjem med minner i Angelica Ruffiers sjølvbiografiske hybriddokumentar «Det vakre året i Provence». Foto: Indie Film

Det vakre året i Provence

(La belle année – det vackra året, Sverige/ Noreg, 2026) Regi og manus: Angelica Ruffier Dokumentar/ 1 t. 35 min./ Kino

På norsk har Angelica Ruffiers sjølvbiografiske dokumentar «La Belle Année» (Det vakre året) vorte til «Det vakre året i Provence». Reint deskriptivt er det ikkje noko feil med presiseringa, men ho blir også litt misvisande sidan ho sender tankane til ein populær «sjanger» av pittoresk turistvenlege dramafilmar frå Sør-Frankrike. På den andre sida kan den lokkande tittelen kanskje føra til at nokre kinogjengarar blir overrumpla av ei god filmoppleving, som dei elles ikkje ville ha oppsøkt.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen