Fram til VM-avspark dominerte Fifas «kommersielle partnarar» media. Dei same ballkunstnarane går att i reklamane, for utanfor banen kan dei spela på alle lag samstundes!
Mistral: Vinden kjem med minner i Angelica Ruffiers sjølvbiografiske hybriddokumentar «Det vakre året i Provence». Foto: Indie Film
Det vakre året i Provence
(La belle année – det vackra året, Sverige/ Noreg, 2026) Regi og manus: Angelica Ruffier Dokumentar/ 1 t. 35 min./ Kino
På norsk har Angelica Ruffiers sjølvbiografiske dokumentar «La Belle Année» (Det vakre året) vorte til «Det vakre året i Provence». Reint deskriptivt er det ikkje noko feil med presiseringa, men ho blir også litt misvisande sidan ho sender tankane til ein populær «sjanger» av pittoresk turistvenlege dramafilmar frå Sør-Frankrike. På den andre sida kan den lokkande tittelen kanskje føra til at nokre kinogjengarar blir overrumpla av ei god filmoppleving, som dei elles ikkje ville ha oppsøkt.