Mange speglingar: Angelina Jolie gjer ei gripande tolking av filmskaparen Maxine i «Couture». Hennar framstilling av dei mange, krevjande sidene av eit kvinneliv er filmens emosjonelle tyngdepunkt. Foto: Another World Entertainment
Couture
(Frankrike/ USA, 2025) Regi og manus: Alice Winocour Drama/ 1 t. 46 min./ Kino
At moteverda ikkje er like attråverdig som draumane bransjen prøver å selja oss, er vel dei fleste for lengst klar over. På film er det likevel vanskeleg å motstå tiltrekkingskrafta frå vakre luksusvarer, unge kvinner og jetsettliv fullt og heilt. Jamvel kritiske blikk på bransjen endar oftast opp som ei blanding av satire og fascinasjon med mingling mellom modellar og skodespelarar framfor kamera – til dømes slik som i Robert Altmans «Prêt-à-porter» (1994) og David Frankels «The Devil Wears Prada» (2006, 2026). Både Altman og Frankel skildrar også (i elles ulike filmar) moteveka i Paris med ein amerikanars eksotiserande utanfråblikk.
Lukke og fridom: … men kan det vara? Ji-na (Park Ji-min) og Fatima (Nadia Mellitis) feirar pride i Paris. Foto: AWE
Lillesøster
(La Petite Dernière, Frankrike, 2025) Regi og manus: Hafsia Herzi basert på Fatima Daas’ bok Drama/ 1 t. 46 min./ Kino
Hafsia Herzis «Lillesøster» er ein roleg, men kraftfull start på pridemånaden. I sjangeren filmar om (skeiv) seksuell oppvakning, fyller fjorårets Queer Palm-vinnar eit tomrom i og med at hovudrolla er ei truande, muslimsk jente. Forteljinga er basert på fransk-algeriske Fatima Daas’ sjølvbiografiske roman «La Petite Dernière» frå 2020 og følgjer forfattarens alter ego – den skoleflinke fotballspelaren Fatima – frå vaktsam, sosial konformitet i arbeidarforstaden Clichy-sous-Bois til filosofistudiar og normbrytande studentfestar i Paris.