Om livet, rett og slett
Framsyninga «Bloddråpetall» viser at det går an å lage stor scenekunst av noko så prosaisk som statistikkar om folkehelsa.

Bloddråpetall
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Ingrid Storholmen
Dramatisert av: Ingrid Storholmen og Maren E. Bjørseth
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi og lysdesign: Øyvind Wangensteen
Kostymedesign: Anette Werenskiold
Koreografi: Magnus Myhr
Lyddesign: Alf Lund Godbolt
Med: Trond-Ove Skrødal, Marianne Meløy, Maria Omarsdottir Austgulen, Øyvind Brandtzæg, Paal Herman Ims, Synnøve Fossum Eriksen mfl.
HUNT, eller Helseundersøkinga i Trøndelag (tidlegare Nord-Trøndelag), er ei av verdas største kartleggingar av folkehelsa til ei heil befolkning i eit avgrensa geografisk område. Gjennom meir enn førti år har ein kvart million trønderar deltatt i fire store undersøkingar, og om eit par år er det duka for den femte. HUNT har vore viktig for å finne fellestrekk, tidlege varsel og dermed også høve til å førebyggje mange sjukdomar. Resultatet er ein database som har vore grunnlag for meir enn 150 doktoravhandlingar og i underkant av 2000 vitskaplege artiklar. Men vitskap er eitt. Noko anna er om det også kan skrivast skjønnlitterært eller lagast teater av eit slikt forskingsmateriale?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

