Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Månadens dikt

Avskorne strengjer

I andletet på felespelaren rullar augo

og fell ikkje attende før strengjene

vert skorne over med kniv.

Kniven blenkjer, men fela spelar

over avskorne strengjer

fram og attende

over bjørkestammar

tynne som spett fordi stammen

aldri fekk lys nok til å utvikla greineverk.

Over fjellet spelar fela og i skogen

strekkjer bjørkegreinene seg

mot tonen som siv opp

or myr og søkkjebotn.

Fela spelar over avskorne strengjer

og handflatene opnar seg.

Barn og fuglar. Håp og draumar.

Blåne bak blåne i synsranda

bak neste synsrand.

Fela spelar hendene sine

oppturka livslinjer fram.

Fjellet stig og lyset flyt.

Lyset skin og flyttar på seg.

Suset frå fjellet og spelet

frå fela fortel at ikkje eit

einaste ord kan seia oss noko

som ikkje hjarta allereie veit.

For dei som ikkje har tru

spelar fela opp ei von.

For dei som ikkje ser lys

spelar fela opp sju stjernehimlar

og månen med andlet.

Skyene buktar og vender seg.

Jorda snurrar slik jorda

har snurra i milliardar av år.

På oppstrøk gjennom dag

inn i natta spelar felespelaren

før felespelaren kastar bogen

på døra i ein smell, men bogen

kjem attende og spelar

over fjella og folka

som framleis bur her.

Fela spelar til tida og dagen

er samla i eit einaste.