Du kan bla til neste sideBla med piltastene
IntervjuMånadens poet

Oppstrøk

Inger Bråtveit har henta kunstnarleg kraft frå Myllarguten.

VASSKRAFT: For Inger Bråtveit finst det ei naturkraft i kunsten som ikkje kan reduserast til kontroll. FOTO: HANNE MARIE LENTH SOLBØ

Gratulerer som månadens poet! Kva spring dette diktet ut i frå?

– Tusen takk. Dette var uventa stas! ‘Avskorne strengjer’ står åleine, men spring ut av eit romanarbeid der eg undersøkjer brot i natur, fellesskap og språk i kjølvatnet av ei kraftutbygging. Diktet er eit destillat frå ein større tematikk om motstand og tap. Det er ofte med diktet det byrjar for meg, så kjem framhaldet og forteljinga, og forhåpentlegvis ein vakker dag sjølve romanen.

Diktet fekk meg til å tenkje på ei spørjande linje frå W. B. Yeats: «How can we know the dancer from the dance?». I ditt dikt er det ein felespelar som mest blir borte i spelet og ei fele som tek til å leve sitt eige liv og set himmel og jord i rørsle?

– Ja, det finst ei kraft i kunsten som er større enn utøvaren. Eg likar tanken på at det finst ein tone som ikkje kan kneblast sjølv om strengjene vert skorne av. At spelet som skrifta kan haldast fast og verta samla i ei rørsle, om så berre for ein augneblink. Oppstrøket frå felespelaren er ei konkret fysisk rørsle gjennom tonalitet og tid. Fela, som språket, kan vera mildt, kvast eller mjukt, men felespelaren kan aldri tvinga fela til å vera noko anna enn det ho er, men når felespelaren veks saman med fela, slik den som skriv veks inn i språket, hender det noko som er større enn spelet.

Kan du seie noko om dei avskorne strengjene som gir tittel til diktet?

– Når strengjene vert kutta over med kniv er det eit disiplinerande maktgrep for få spelet til å ta slutt. Dei avskorne strengjene er eit konkret bilete på brot. Ei fele med avkappa strengjer kan ikkje spela som før. Kanskje finst det ein eigen kropp i både spelet og språket? I eit regulert landskap er noko også kappa over når elva renn med minstevassføring eller er turrlagd. Eg trur likevel det finst ei naturkraft i kunsten som ikkje kan reduserast til kontroll. Og kven veit, held ein på lenge nok, kanskje fela eller språket svarar deg?

Kva slags rolle spelar musikken i di eiga skriving? Har du eit nært forhold til folkemusikk?

– Eg høyrer ikkje på musikk medan eg skriv, då må det vera stilt. Når det er sagt høyrer eg på musikk mellom skriveøktene, gjerne på repeat, og kan på denne måten vitja stadar som ikkje finst, eller berre finst i musikken, på nytt og på nytt. Musikken er ein fristad, på same måte som poesien. Og så har eg hatt utvidande glede av samarbeid med musikarar som Jenny Hval og Nils Økland. Eg har eit ganske nært tilhøve til folkemusikken, både gjennom oppveksten og utøvande venner. Diktet eg har skrive, er inspirert av eit bryllaup i Bråtveit, staden eg kjem frå, der Myllarguten ein gong spelte gjennom dag og natt. Det vert sagt at Myllarguten skulle ha spela i «ofse» og var heilt umogleg: «Myllarguten spela same slaatten, og det var ikkje same slaatten. Han spela aldri upp-att». Ein lokal spelemann overtok til slutt fela hans, men Myllarguten var ikkje vidare begeistra for spelet, og sa at den lokale spelemannen spela som ein elendig tosk: «Du strik senste baagedrage ne på kvinten. Du ska strike dæ senste baagedrage opp på basen, då svarar fela deg!»

Kva les du elles om dagen?

– Eg les alt mogleg og alt på ein gong. Og ofte dei same bøkene oppatt fleire gonger. Det siste året har det vore «Of Walking in Ice» av Werner Herzog, som eg til mi glede såg at akkurat no er omsett til nynorsk på Slow Fire Press. Denne boka minner meg om at rørsle kan vera ei erkjenning i seg sjølv. Å halda fram, trass motstand, er ei haldning eg prøver å ta med meg inn i romanarbeidet.