Nordmenn på toppliste!
Ikaros-draumar
Norsk mindreverdskompleks er aldri meir synleg enn når nordmenn får omtale i USA. Slik merksemd blir i seg sjølv nyhende her heime, og handsama som ein kollektiv nasjonal prestasjon på same vis som OL-gull blir. Vil vi vera like rause med ansvarsfordeling når fleire nordmenn no figurerer øvst på ei eksklusiv liste i The New York Times – toppa av den royalt strippa Andrew Mountbatten-Windsor? Andreplassen på lista over dei som no må betala for sine Epstein-gåver, er Thorbjørn Jagland «criminally charged», så følgjer Mona Juul og Terje Rød-Larsen – begge «under investigation». Den einaste trøysta for nordmennene, er at dei motsett Mr. Mountbatten-Windsor ikkje kjem i blitzlyset til britiske tabloidar. GK
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

