Møter motstand: Styret i Kennedy-senteret har lagt til Donald Trumps navn på bygget. Navneendringen er blitt møtt med store protester, og en rekke artister boikotter nå senteret. Foto: Jacquelyn Martin, AP/NTB
På tampen av 2025 fikk president Donald Trump oppført navnet sitt på veggen til Kennedy-senteret i Washington D.C. Nå heter senteret The Donald J. Trump and John F. Kennedy Memorial Center for the Performing Arts.
Familietrøbbel: Belle (Inga Márjá Utsi) og Johan (Ivan Aleksander Sara Buljo) sit resignerte på benken medan storesøskena deira Henry (Ánte Siri) og Garen (Sara Margrethe Oskal) finn energien til endå ein krangel. Foto: NRK
Heajastallan – Bryllupsfesten
(Mer Film, Tordenfilm og Forest People for NRK, 2025)
Serieskaper: Åse Kathrin Vuolab
Regissører: Pål Jackman, Åse Kathrin Vuolab
Drama/ 8x30 min./ NRK TV
Kjærastane Ailo (Per John P. Eira) og Inga (Sárá Gáren Ánne Nilut) ønskjer å gifta seg, og det kunne sikkert gått greitt om ikkje dei to rivaliserande mødrene deira fekk nyss i «barna» sine planar om ein enkel og rimeleg gjennomført allianse på tinghuset. Dei to unge er Kautokeinos Romeo og Juliet. Ingas mor Berit (Anni-Kristiina Juuso) er frå ei av bygdas rikaste og mest velsedde reindriftsfamiliar. Slekta til Ailos mor Garen (Sara Margrethe Oskal) er nærast for paria å rekna. No ser dei to kvinnene sjansen til å dupera kvarandre ein gong for alle med å arrangera tidenes samiske tradisjonsbryllaup på rekordtid. Ein fest som vanlegvis tar eit år å planlegga for to samarbeidande familiar, skal gjennomførast i løpet av ein månad og det berre av den viljesterke Garen og hennar tre motviljuge og skakkøyrde søsken.