500 barn kan miste plassen sin
Karmøy kommune vil kutte halvparten av kulturskolens budsjett. Det vil få store konsekvenser for lokalmiljøet, sier rektor.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Tidsåndene fyk gjennom Tom og fyller han med dei motsette identitetane MascuRevolt og Berit.

(Maipo Film og Artbox for NRK, 2025)
Serieskapar og regi: Thomas Seeberg Torjussen
Co-regi: Gjyljeta Berisha
Satirisk drama/ 4x50 min/ NRK TV (NRK1 9. og 16. november)
Den mannssjåvinistisk kulturkrigaren MascuRevolt blir utsett for «doxing» (får privatlivet publisert online) då han går over streken i kommentarfeltet og trugar landets mest populære, feministiske komikar med valdtekt. Når det offentlege søkjelyset blir retta lik ein laserstråle mot det flyktande nettrollet, no avslørt som Tom (Anders Baasmo), får komikaren Live (Ingrid Unnur Giæver) kalde føter for å ha initiert menneskejakta. Kan ho ha drive han til sjølvmord? Parallelt med at både Tom og Live blir pressa til sjølverkjenning, gjærar kjønnsdriftene illevarslande i Toms utilfredsstilte og nettpornoavhengige nabo Audun (Jonas Strand Gravli), som er heime i pappaperm og borte frå karrierekonkurransen på arbeidsmarknaden.
Allerede abonnent? Logg inn