Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Røvarhistorie frå før katastrofen

«Once Upon a Time in Gaza» er grim og galgenhumoristisk.

Gaza-gangster: Student og falafelkokk Yahya (Nader Abd Alhay – til høgre) prøver å sleppa fri frå kriminaliteten til arbeidsgjevaren gatekjøkeneigar og narkolangar Osama (Majd Eid). Men når ein korrupt Hamas-politimann blandar seg inn i businissen, blir Yahaya dregen inn i ein liv han aldri søkte. Foto: Movies on War

Once Upon a Time in Gaza

Regi: Arab og Tarzan Nasser

Manus: Marie Legrand, Amer Nasser, Arab Nasser

Svart komedie, action / 1t. 27min. / Vist på Movies on War

I dag opnar den årlege festivalen Movies on War i Elverum (12. til 16. november), og midt blant alvorstyngde drama, dokumentarar og debattar kan ein også oppleva den norske premieren på «Once Upon a Time in Gaza». Filmen vann regiprisen i Cannes-sideprogrammet Un certain regard i år og er laga av dei sjølvlærte brørne Arab og Tarzan Nasser. Den uforliknelege regissørduoen, som i røynda liknar meir på Jack Sparrow enn det Johnny Depp gjer iført kostyme, er to ukuelege karar født og oppvaksne i Gaza by.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen