Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kommentar

BBCs politisk skapte krise

Svakt leiarskap og sterkt politisk press trugar verdas viktigaste nyhendeorganisasjon.

På veg ut: BBC-sjef Tim Davie sa søndag opp etter kritikk mot politisk slagside i allmenkringkastaren. Her frå 2022. Foto: AP/ NTB

Søndag gjekk BBCs sjefdirektør Tim Davie frå jobben. Med han ut døra følgde direktøren for BBC News Deborah Turness. Begge grunngav avgjerda om å trekka seg med at dei har det endelege ansvaret for at BBCs nyhenderapportering «søker sanning utan slagside», som Turness skreiv i sitt oppseiingsbrev, og for å skapa ro om organisasjonen etter at USAs president Donald Trump har truga den britiske allmennkringkastaren med eit erstatningssøksmål på 10 milliardar kroner. Det er ein taktikk han med hell har brukt til å diskreditera alminneleg, politisk journalistikk i USA.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen