Livgjevande galgenhumor
Debutfilmen «Sorry, Baby» klarer kunststykket å spinna ei filmatisk flott og menneskekjær historie av eit rått og øydeleggande tillitsbrot.

Sorry, Baby
(USA, 2025) Regi og manus: Eva Victor Drama/ 1 t. 43 min./ Kino
Den endå ikkje 30 år gamle Agnes (Eva Victor) blir fast tilsett litteraturprofessor ved det mindre austkyst-universitetet ho vart uteksaminert frå for berre tre år sidan. Hennar avhandling om novellekunst var «ekstraordinær», ifølgje rettleiaren professor Preston Decker (Louis Cancelmi). Med sin kunnskap – ofte formulert som komiske paradoks, sin ungdommelege sensibilitet og si avvæpnande uformelle og keitete framtoning – alltid i barn jacket, er Agnes godt likt både blant dei fast tilsette og Gen Z-studentane. Likevel er ikkje lynkarrieren eit uttrykk for sutlaus suksess i livet eller eit resultat av ufortent favorisering slik Agnes’ innbitne akademiske rival Natasha (Kelly McCormack) trur.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn