Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Feminist javisst

Eit nytt trussamfunn

Maga-kulten har gjort Charlie Kirk til ein martyr – medan Erika Kirk er både Maria og Maria Magdalena.

LIDING OG LEIING: Erika Kirk er både sørgjande mor, kvinneleg disippel og ein handlekraftig leiarfigur, skriv Stephen Walton. Foto: Julia Demaree Nikhinson, NTB/AP

NRKs direktesende minnesamværmaraton sist søndag var eigna til å dytte jamvel robuste sjeler utfor stupet. For å begynne med hovudpoenget her: Eg er mot vald, medrekna politisk vald. Eg er mot drap som retorisk verktøy, Charlie Kirk burde ikkje ha blitt skoten. Eg er også mot den valden som det geriatriske triumviratet Trump, Netanyahu og Putin utøver mot folk i Gaza og Ukraina, og mot den valden som dei utøver mot politiske motstandarar på heimebane. Og eg har heller ikkje gløymt den valden som folk i Sudan og Kongo lever og døyr med, jamvel om dei knapt blir funne verdige til sendetid i tv. Tre gamle menn drep, kansellerer og fengslar for ikkje sjølve å stå til rette for dei lovbrota dei har gjort, dei klamrar seg til makta i dei øydelagde samfunna sine, og med ein manipulert og kua opinion sit dei relativt trygt, iallfall inntil vidare.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen