Vitnemål frå avgrunnen
Palestinarar fortel ufortalte historier frå Gaza i den imponerande filmsamlinga «From Ground Zero».

From Ground Zero – Untold Stories from Gaza
(2024, Palestina, Frankrike, Jordan, Qatar)
Produsent: Rashid Masharawi
22 kortfilmar, fleire regissørar
Kortfilmsamling/ 1t. 55min./ Cinemateket Oslo fredag 12. september
Den unge, lys levande Abed står på kanten av eit bombekrater likt dei vi etter kvart har sett tallause av frå Gaza. Det er dag og stille. Han ser tankefullt ned i holet, fylt av armeringsjarn, sprengde betongblokker og alskens restar av ein bygard. Dette er holet Abed vart hala levande ut av. Eit mobilopptak frå bergingsaksjonen tar oss tilbake til den intense natta der friviljuge grav ut Abed, som er fanga i massar heit opp til haka. Berre centimeter unna ansiktet hans ser vi hovudet til den døde Khalil, Abeds jamgamle søskenbarn og næraste ven gjennom skoleåra. Abed kjem heilskinna opp, men har ikkje før vakla frå åstaden før alt blir svart, og han igjen hamnar under ruinar – ikkje berre ein gong, men to gonger til i løpet av eit døgn. Den siste eksplosjonen tok livet av foreldra, søstera og familien hennar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn