Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Signert

Alle har lov til å bruke postkrakken!

Vi i SV går inn for store postkassestativ for alle.

Illustrasjon: Knut Løvås

Denne hausten har eg lagt brosjyrar i 2500 postkassar. Ja, eg tar gjerne applaus for dette, svært gjerne. Eg skammar meg sjølvsagt over at eg verken har villa stå i valbod, dele ut løpesetlar ved bybanestopp eller banke på dører, men tru meg, Marthe Hammer og Alexander Papas, første- og andrekandidat for SV i Hordaland: De vil ikkje ha meg i prat med folk! Ikkje berre hadde eg måtta be den potensielle veljaren om å vente litt medan eg slo opp i partiprogrammet for å finne ut kva vi i SV meiner, eg hadde også risikert å plumpe uti med kva eg sjølv meiner. Ikkje at eg har så mange meiningar som strir mot SVs program, men som den bekjennande pietisten eg trass alt er, føler eg at eg er forplikta til å innrømme at eg ikkje er einig i absolutt alt. Det viktigaste er uansett raudgrøn siger, hadde eg også kunna kome til å seie. Så berre stem på MDG/RØDT, du, kunne eg sikkert også ha sagt.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen