Omrusting
Arild Rønsen trur visst at eg tullar eller prøver å lura nokon (Klassekampen 25. april). Eg kan forsikra Rønsen om at eg meiner alvor: Forsvaret må rustast om. Frå krigføring i andre delar av verda til forsvar av landet vårt. Frå einsidig satsing på kjøp av dyrt materiell til å investera i personell, drift og vedlikehald. Frå avhengigheit av USAs våpenindustri og teknologi til eit forsvar som kan stå på eigne bein og er underlagt nasjonal, demokratisk kontroll. Lykke til med 1. mai-talen, Arild.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent