Du kan bla til neste sideBla med piltastene
På tampen

Trans – The End?

Elon Musks transdotter har flytta til Japan.

Tar bladet frå munnen: Elon Musks transdotter Vivian Wilson: «Lat oss kalla ei nazi­helsing ei nazihelsing». Faksimile: Teen Vogue

I 2013 endra Netflix film- og tv-industrien med «Orange Is the New Black». Dramakomedien frå eit amerikansk kvinnefengsel medverka sterkt til at strøymeteknologien erobra verda og til at eit globalt publikum snakka om dei same seriane. Difor vart «Orange Is the New Black» også eit gjennombrot for kvinne- og minoritetsforteljingar. I staden for sjangertru vald og spekulativ lesbesex viste det allment engasjerande dramaet eit kriminologisk medvit så vel som seksuelt og etnisk mangfald. Midt i rollegalleriet trona Laverne Cox’ Sophia – den svarte, karismatiske transkvinna publikum ikkje kunne få nok av.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?