Ei bøn frå Haugerud
Da me flytta til Haugerud i Groruddalen i Oslo i 2018, fekk me raskt høyre om dei ambisiøse planane som følgde av områdeløftet for Trosterud og Haugerud. Me tenkte (naivt?) «så flott!» Her skulle kommunen byggje ny barneskule med kulturstasjon, ungdomsskule, fleirbrukshall med klubbhus for det veldrivne og stadig veksande idrettslaget, samt to nye fotballbaner. Planane inkluderte inntil 650 nye bustader, det skulle etablerast ein offentleg, bilfri allmenning gjennom området som knyter Haugerud og Trosterud tettare saman, Alnaelva skulle opnast, og honningen skulle flyte. Planprogrammet for områdeutviklinga blei einstemmig vedteke i bystyret i 2019, så ein skulle tru at også politikarar syntest det var ein god idé å tilføre ressursar til eit utsett område på austkanten i Oslo.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent