Hvis du greier å håndtere en drittsekk på 600 kilo, kommer du til å takle de fleste gutter. Det sto i et av de mange hestejentebladene jeg slukte som barn, og visdommen beit seg fast som en klegg på en hesterumpe. Du kan ta jenta ut av stallen, skjønte jeg, men det finnes en livslang forståelse mellom forhenværende hestejenter, som dels dreier seg rundt en idé om utholdenhet. Dels om at vi bare vet bedre.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
– Gratulerer som månadens poet! Når kom dette diktet til deg, og kva sprang det ut frå?
–Tusen takk! Dette var overraskande og stor stas. Eg hadde eigentleg gløymt dette diktet, eg, heilt til meldinga kom. Men kva det sprang ut frå, har eg ikkje gløymt, for eg var nærmast krakksittande ei tid i haust fordi ein muskel slo seg vrang. Dette kom brått og samme dagen som eg omsider hadde fått rota meg til å melde meg inn i eit treningssenter. I staden måtte eg altså roe ned og melde meg litt ut. Nå kan eg le av det, for det gjekk over, men medan det sto på, gjekk eg ikkje mange metrane før eg måtte hekte meg nedpå ein plass. Så konkret var bakgrunnen. Diktet kom først etter at eg var betre og hadde vore «ute i verda» att, da skreiv eg det inni meg medan eg gjekk langs fortauet på veg til stasjonen på veg heim. Så dumpa eg ned i eit togsete og tasta det inn på telefonen.
– Ja, det er ein konkret situasjon du skildrar, der eg-et ikkje «har klart å sette foten ned», strevar seg framover fortauet og forserer ein overgang for å komme seg på toget heim. Det er eit stort pågangsmot i diktet. Det går trass alt framover?
– Det finst pågangsmot her, og ja, det går framover. Truleg kjem det noko godt ut av å sette ein fot i bakken innimellom, stikke «heimom» ein tur, sjekke inn, sjekke om kursen er rett, eller må justerast. Kanskje finst det ein motstand der også, som det kan vere nyttig å sjå nærmare på.
– Skriv du dikt til faste tider, på faste stader eller litt her og der og dann og vann?
–Eg har som regel ei pute bak ryggen, beina høgt og PC på fanget når eg skriv. Skriverom har eg, og skrivebordet har eg prøvd å snu både mot vindauget og innover i rommet, men eg hamnar fort i sofaen att, eller eg opnar dokumenta mine til morgonkaffien på senga. Ofte blir dikta til i visse situasjonar eg er i, så begynner det å surre og gå litt, og så tek eg det når det kjem. I dette diktet gjekk eg gatelangs i ein by. Men mykje av det eg skriv blir til der naturen er tettare på, i «rom» der eg kjenner at noko heng i hop på sitt vis, noko eg finn meg sjølv i der og da, noko eg finn i meg.
– Er det nokre poetar du er særleg inspirert av?
– Eg veit sanneleg ikkje om eg har enkeltpoetar å peike på. Men eg har sjølvsagt mange poetar som eg set høgt og ofte kjem tilbake til, som Tomas Tranströmer, Olav H. Hauge og Rolf Jacobsen. Elles har eg vakse opp med poesi rundt meg, og med Ønskediktet nesten som ei heilag stund.
– Dette er siste gong Bokmagasinet publiserer månadens dikt frå Diktkammeret. Kva har plattforma hatt å seie for deg som diktar?
– Diktkammeret har vore viktig for meg frå den dagen eg drista meg inn der. Det er ei eiga verd med stor takhøgd, og det er alltid noko å lære og bli inspirert av der. Ikkje minst møter ein likesinna. Helge Torvund og hans medspelarar fortener ein umåteleg stor takk!
Månendens diktMånadens dikt
Om å vere gangfør
Torunn Torgersrud
Eg har ikkje klart å sette foten ned. Og nå stikk det
i ein gangmuskel igjen, men ikkje så ille at eg må
sjå meg om etter eit rekkverk å sette meg på. Det
betyr at det går framover. Eg nærmar meg ein
svart- og kvitstripete overgang. Og eg er framleis
rakrygga! Nå kjennest det ut som eg kan klare det;
å gå frå eitt kvitt felt til eit anna, komme meg over
denne kaotiske gata, over til andre sida, før eg må
huke meg ned, ta ein pause, ta sats og komme meg
ned på stasjonen. Finne eit tog som tek meg
heim.
Juryens kommentar:
Av og til vil poetar snevre inn fokuset og retta si presise merksemd mot noko svært nært og tilsynelatande lite og ubetydeleg. Men dette treng ikkje vera ei vending vekk frå alt anna. Som forfattaren Elizabeth Bowen sa: «Det å venda seg frå alt til eit ansikt, er å finna seg ansikt til ansikt med alt.» I dette diktet tek poeten oss med på ein ørliten, men strabasiøs tur bortover eit fortau, over gangfeltet over ei kaotisk gate og fram til den andre sida. Dikt-eget er på veg til togstasjonen for å koma seg på eit tog som kan ta han eller henne heim. Men helsa er skral og det å ta seg fram dette vesle stykket er krevjande for kroppen. Samstundes som diktet er ei hjarteskjerande skildring av kor stride dei enklaste ting kan vera for nokre av oss, finst det både humor og sjølvoppmuntrande og sjølvironiske utbrot her: «Og eg er framleis rakrygga!» Den gåande har ikkje gitt opp. Nei då, her er det snakk om å «ta sats og komme meg ned til stasjonen.» Diktet maktar å formidla denne menneskelege situasjonen med empati og nyansar, slik at ein som lesar både kjenner sympati med det sårbare og må smila av pågangsmotet til den gangføre. Vanskar treng ikkje føre til avmakt.