Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Månendens diktMånadens dikt

Om å vere gangfør

Eg har ikkje klart å sette foten ned. Og nå stikk det

i ein gangmuskel igjen, men ikkje så ille at eg må

sjå meg om etter eit rekkverk å sette meg på. Det

betyr at det går framover. Eg nærmar meg ein

svart- og kvitstripete overgang. Og eg er framleis

rakrygga! Nå kjennest det ut som eg kan klare det;

å gå frå eitt kvitt felt til eit anna, komme meg over

denne kaotiske gata, over til andre sida, før eg må

huke meg ned, ta ein pause, ta sats og komme meg

ned på stasjonen. Finne eit tog som tek meg

heim.

Juryens kommentar:

Av og til vil poetar snevre inn fokuset og retta si presise merksemd mot noko svært nært og tilsynelatande lite og ubetydeleg. Men dette treng ikkje vera ei vending vekk frå alt anna. Som forfattaren Elizabeth Bowen sa: «Det å venda seg frå alt til eit ansikt, er å finna seg ansikt til ansikt med alt.» I dette diktet tek poeten oss med på ein ørliten, men strabasiøs tur bortover eit fortau, over gangfeltet over ei kaotisk gate og fram til den andre sida. Dikt-eget er på veg til togstasjonen for å koma seg på eit tog som kan ta han eller henne heim. Men helsa er skral og det å ta seg fram dette vesle stykket er krevjande for kroppen. Samstundes som diktet er ei hjarteskjerande skildring av kor stride dei enklaste ting kan vera for nokre av oss, finst det både humor og sjølvoppmuntrande og sjølvironiske utbrot her: «Og eg er framleis rakrygga!» Den gåande har ikkje gitt opp. Nei då, her er det snakk om å «ta sats og komme meg ned til stasjonen.» Diktet maktar å formidla denne menneskelege situasjonen med empati og nyansar, slik at ein som lesar både kjenner sympati med det sårbare og må smila av pågangsmotet til den gangføre. Vanskar treng ikkje føre til avmakt.