Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei vakker og varm framsyning om eit vanleg, men likevel vanskeleg tema.

Lågmælt rekviem

DAGLEGDAGS: Dottera (Tone Oline Knivsflå) og den sjuke mora (Anne Guri Tvedt) fører ein samtale som er både daglegdags og annleis, men først og fremst til å kjenne att. Foto: Markus Søgård

Stille inn

Av Kjersti Haugen

Teater ­Innlandet, Høyvang ­Samfunnshus, Ridabu

Regi: Kjersti Haugen 

Scenografi og ­kostyme: Katrin Bombe

Komponist: Martin Smidt

Med: Anne Guri Tvedt, Tone Oline Knivsflå og Joachim Joachimsen

Det einaste sikre i livet er at det tar slutt. Likevel er døden tabubelagd, og vi snakkar helst ikkje om han. Men for alle dei av oss som har tatt avskil med ein nær slektning der vi har fått høve til å bu oss godt, prate ut og dele minner, veit vi at døden kan vere både verdig og vakker, samstundes som han også er tung og trist.