Stille inn
Av Kjersti Haugen
Teater Innlandet, Høyvang Samfunnshus, Ridabu
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist: Martin Smidt
Med: Anne Guri Tvedt, Tone Oline Knivsflå og Joachim Joachimsen
Det einaste sikre i livet er at det tar slutt. Likevel er døden tabubelagd, og vi snakkar helst ikkje om han. Men for alle dei av oss som har tatt avskil med ein nær slektning der vi har fått høve til å bu oss godt, prate ut og dele minner, veit vi at døden kan vere både verdig og vakker, samstundes som han også er tung og trist.